Oppdatering 2009-07-08
Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover.
Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det
ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.
Siste nye eller oppdaterte spel
- 2005-02-19 (oppdatert) – Super Methane Brothers
- Kjempekult Bubble Bobble-liknande spel med flott grafikk og lyd.
- 2004-08-11 – I Have No Tomatoes
- Har du ti minutt til overs? Kor mange tomatar klarar du å knusa på desse minutta?
- 2002-09-05 – Hellcarrier
- Styr eit helikopter og utfør oppdrag i kamp mot terroristar.
Speloversikt
- BubbleBall
- Du skal skyta farga kuler på andre farga kuler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei.
- Bubble Puzzle 97
- Du skal skyta farga bobler på andre farga bobler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei alle.
- Busta Move
- Du skal skyta farga bobler på andre farga bobler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei.
- Catch the Sperm II
- Skyt sædceller og virus med kondomar. Spelet er gitt ut som eit ledd i ein kampanje for større allmenn merksemd og kunnskap
om HIV og AIDS.
- C-Dogs
- Skytespel for ein eller to spelarar. Du får forskjellige oppdrag som du må utføra.
- Command da Bonga
- Skytespel som liknar på Command and Conquer. Tar veldig liten plass.
- Cultures – The Beginning
- Du spring rundt og skyt villsvin, bjørnar og vikingar, samtidig som du prøver å plukka opp alt gullet du kjem over.
- Dynamite
- Nyversjon av dei klassiske Bomberman-/Dynablaster-spela. Opptil 4 spelarar kan delta samtidig.
- Firecrow
- Fly og skyt ned romskip som vil overta jorda (eller noko sånt).
- Hellcarrier
- Styr eit helikopter og utfør oppdrag i kamp mot terroristar.
- I Have No Tomatoes
- Har du ti minutt til overs? Kor mange tomatar klarar du å knusa på desse minutta?
- Jetpack
- Fyk rundt med ein rakett på ryggen og saml smaragdar …
- Liero
- Tospelarspel der to makkar skal ta livet av kvarandre ved bruk av kraftige våpen. Kjempebra!
- Maximum Overdrive
- Bilspel frå ein til fire spelarar. Flis rundt på ei bane i høg fart. Alle middel er tillatne i konkurransen med dei andre –
inkludert bomber og granatar!
- mrboom
- Utrulig bra versjon av dei klassiske Bomberman-/Dynablaster-spela. Opptil 8 spelarar kan delta samtidig ved ei maskin eller over nettverk.
- Penguin Command
- Redd jorda frå angrep frå det ytre rom (atter ein gong!). Missile Command-klona.
- Rocket Raid
- Redd jorda frå angrep frå det ytre rom (atter ein gong!). Missile Command-klona.
- Splat!
- Eit lite spel der du styrer seks soldatar rundt for å skyta fiendar og – sauar!
- Super Methane Brothers
- Kjempekult Bubble Bobble-liknande spel med flott grafikk og lyd.
- T-32k
- Skytespel som liknar litt på det gamle Turrican-spelet. Tar veldig liten plass.
- Tapan Kaikki
- Skytespel for ein eller to spelarar. Voldelig og blodig!