Gratis kvalitetsdataspel

Rocket Raid

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Som so ofte før må du verna jorda mot fiendar frå det ytre rom. Dette spelet er visstnok ein nyversjon av Missile Command (som eg aldri har spelt) – ein ganske bra versjon òg!

Sjølv spelet

Det er di oppgåva å hindra seks byar å bli øydelagt av eit massivt angrep av romvesen. Rakettar dalar ned mot jorda, og du må skyta (og dermed sprenga) desse før dei når byane. Når alle byane er øydelagt, er spelet over.

Bretta blir som venta vanskeligare og vanskeligare, og rakettane kjem raskare og raskare. I tillegg kjem det ekstra romskip, sjølvsagt for å gjera det endå vanskeligare … Heldigvis kan du få bonusting òg, som fleire og raskare skot.

Grafikk

Som du ser frå bilda, er ikkje grafikken spesielt imponerande. Men stillbilde seier ikkje alt, og med hurtige eksplosjonar og mykje som skjer på ein gong, ser det faktisk ganske flott ut.

Musikk

Musikken er MIDI-musikk, og er derfor avhengig av kor godt lydkort du har. Men han er uansett ganske variert og endrar seg etter kva brett du er på.

Konklusjon

Vanskelig på dei seinare bretta, men likevel veldig kjekt!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
Første utgåva
Forfattar
Tripod Software
Kort beskriving
Redd jorda frå angrep frå det ytre rom (atter ein gong!). Missile Command-klona.

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Rocket Raid vart først omtalt 2000-01-21.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.