Gratis kvalitetsdataspel

Firecrow

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Som i so mange andre spel skal du her fly og skyta alt som rører seg. Du ser brettet (og romskipa) ovanfrå. Ved å skyta fiendane kan du få nye, betre skot; du har heilt sikkert spelt eit liknande spel. Vel, dette er ein veldig god variant av denne speltypen.

Grafikk og lyd

Spelet har veldig god grafikk, med enorme eksplosjonar og andre effekter. Musikken og lyden er òg veldig bra. Spesielt musikken på opningsskjermen er verdt å få med seg.

Konklusjon

Som sagt er dette ein veldig god variant av denne typen spel, faktisk ein av dei beste. Det einaste eg kan kritisera er at romskipa/flya er litt for store, slik at det blir litt trongt på skjermen. Elles er dette eit fantastisk bra spel eg verkelig vil anbefala. Action utan stopp!

 

Spel­informasjon

Versjon
1.0
Forfattar
Ouss & MirMax
Heimesida
Firecrow
Kort beskriving
Fly og skyt ned romskip som vil overta jorda (eller noko sånt).

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

Firecrow vart først omtalt 1999-12-24.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.