Gratis kvalitetsdataspel

T-32k

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette spelet vart utvikla til ein konkurranse (Mekka Symposium 2000 32k Game Competition), der ein skulle prøva å laga best mulig spel på 32 kibibyte. Dette er ekstremt lite. Du får omtrent 45 slike spel inn på ein diskett!

T-32k vann faktisk denne konkurranse. Det var ikkje spesielt overraskande, sidan det er eit veldig godt spel.

Turrican

Mange hugsar nok Turrican-spelet til Amiga, Amstrad og sikkert ein del andre maskiner. T-32k er meint som ein slags nyversjon av Turrican, som ein hyllest til dette spelet.

For de som ikkje har spelt Turrican, kan eg nemna at det er eit typisk plattformspel, der ein spring rundt og skyt allslags skumle vesen …

Grafikk

Grafikken i dette spelet er bra. Sjølvsagt er det veldig avgrensa kor mykje ein kan få inn på 32 kibibyte, men har dei altso fått inn svært mykje! Både bakgrunnsbildet og fiendane er godt teikna. Det same er sjøen som du kan dykka i.

I spelet kan du finna betre våpen (fleire skot samtidig) og kapslar som gjer at du ikkje treng å starta heilt frå begynnelsen av, sjølv om du mistar all energi.

Musikk

Musikken minnar veldig om Commodore 64-musikk, og er forøvrig ganske bra. Rimelig variert er han òg.

Konklusjon

Dette er eit kvalitetsspel som tar liten plass. Det har både god grafikk, god musikk og er passelig vanskelig. Det mest negative er at det berre har eitt brett.

Spelet finst i to versjonar, originalversjonen som vant konkurransen og ein optimert versjon. Eg anbefaler den optimerte versjonen, sidan denne vil fungera mykje raskare (på seine maskiner) enn originalversjonen. Han tar opp litt (ubetydelig) meir plass, men er verdt det.

Sjå elles kategorien «Liknande spel» for fleire spel på berre 32 kibibyte.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.0 og MMX++
Forfattar
Myth
Kort beskriving
Skytespel som liknar litt på det gamle Turrican-spelet. Tar veldig liten plass.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

T-32k vart først omtalt 2000-05-08.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.