Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.
Dette spelet består av brett med mange små runde kapslar. Kvar kapsel har eit lys i midten, samt fire små hol som kan innehelda farga kuler. Målet ditt er å slå av alle lysa ved å fylla opp kapslane med kuler i same farge.
Øvst på kvart brett er dei ei skjene der kuler kjem trillande ut. Skjena går til ein eller fleire av kapslane, og det er oftast òg skjener mellom kvar kapsel. Kulene følgjer skjenene og legg seg i første ledige kapsel dei treff på. Kvar kapsel kan som sagt innehelda fire kuler (ei i kvar retning – opp, ned, venstre og høgre), og du kan rotera kapselen for å få ein ledig opning til å venda mot ei skjene. Du kan òg spretta kulene ut av opningane, ut på skjenene, og vidare til ein annan kapsel. Når ein kapsel blir full av kuler i same farge (eller i nokre tilfelle i eit spesielt mønster), eksploderer kulene og lyset i midten av kapselen blir slått av. Ved å rotera kapslar og spretta ut kuler kan du til slutt få slått av lyset i alle kapslane på brett. Dette er ikkje alltid like lett!
Du har ein tidsfrist på å fullføra eit brett, samt ein tidsfrist på å plassera kulene i ein kapsel rett etter at dei triller ut. Dei første bretta er veldig enkle, og du har ingen problem med å halda desse fristane. Faktisk er dei første bretta ganske kjedelige på grunn av dette. Men etter kvart dukkar det opp ulike gjenstandar på skjenene som gjer det heile vanskeligare, eller meir utfordrande, om du vil. Her er ein kort gjennomgang:
Mens dei første bretta er lette, er dei seinare bretta tilsvarande vanskelige. Du må heile tida passa på å få kulene fram til kapslar med lys, samtidig som du passar på at det finst ledige opningar til nye kuler, slik at du overheld tidsfristane. Det blir frenetisk klikking med musa, og det er skikkelig frustrerande å heile tida nesten klara brettet! Heldigvis får du passord, slik at du kan hoppa direkte til vanskelige brett.
Grafikken kan ein ikkje klaga på; han er riktig so god. Dette er ikkje eit spel som treng «avansert» grafikk, men likevel er det bra forfattarane har gjort ein innsats her.
Å klaga er det heller ingen grunn til å gjera på lyden. Musikken består av mange god melodiar, som alle er med på å lyfta spelopplevinga. Det finst og ei rekke lydeffektar som er som skapt for spelet (noko dei for øvrig sikkert òg er!).
Spelet startar rolig, og kjedelig, men tar seg snart opp. Det blir etter kvart frustrerande vanskelig, men likevel gøy. Dette er absolutt eit spel eg vil anbefala!
XLogical vart først omtalt 2001-10-19.