Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.
Eit av dei beste eventyrspela nokosinne laga er, etter mi meining, Indiana Jones and the Fate of Atlantis. Dette inspirerte nokon til å laga ein spelmotor kven som helst kunne bruka til å laga liknande spel. Wonderworld er eit slikt spel. Og det er kjempebra!
Spelet brukar same brukargrensesnitt som dei tidlige LucasArts-spela, der du vel vel ei handling (som «Opna» eller «Sjå på») frå ei kommandotavla, og trykkjer på ting for å utføra handlinga på dei. Dette er eit velprøvd system, og fungerer som venta fint. Dei mest brukte kommandoane for kvar gjenstand (som «Opna» for dører) ligg for øvrig klar på høgre musetast.
Eg skal ikkje seia noko serlig sjølve handlinga. Det er vel unødvendig å nemna at det som vanlig er di oppgåva å redda verda …
Noko av det første ein legg merke til i dette spelet, er grafikken. Han er utrulig bra – teiknefilm/-serieaktig og imponerande godt fargelagt. Dette er heilt på høgd med det beste frå kjøpespel.
Musikken ligg i MIDI-format, og held òg høg kvalitet. Han er variert, med mange forskjellige melodiar. Spelet er i tillegg krydra med ein del greie lydeffektar.
Spelet brukar ein Java-basert spelmotor, og fungerer derfor på alle plattformer (Windows, Linux, MacOS osv.) som har eit Java-kjøremiljø. Viss du ikkje har eit slikt kjøremiljø installert, kan du lasta ned og installera eit frå heimesida til spelet.
Dette spelet er grådig kjekt. Eventyrspel har alltid vore min favorittspeltype, og dette er noko av det beste eg har sett av gratisspel av denne typen. Dette hindrar det sjølvsagt ikkje i å ha nokre mindre manglar. Forfattarane har tydeligvis ikkje engelsk som morsmål, og språket er gjennomgåande dårlig. Dette verkar litt forstyrrande, men er til å leva med. Spelet er òg litt kort, men det kjem snart ein oppfølgjer (som fullfører historia starta på her). Me venter alle i spenning!
Wonderworld vart først omtalt 2002-10-17, og versjonen no omtalt vart lagt til 2003-05-29.