Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.
Du (pluss eventuelt ein kamerat) skal gå rundt og skyta folk for å fullføra brett. Det er heile handlinga i dette spelet! ☺
Fiendane har sjølvsagt òg våpen – kraftige våpen. I begynnelsen er du sjølv heilt våpenlaus, og må leita etter våpen og ammunisjon, noko som er risikofylt. Men i tillegg til våpen og ammunisjon, kan du heldigvis òg finna førstehjelpsskrin, som er svært nyttig når du er skada.
Det finst mange våpen, alt frå pistolar og gevær til rakett- og flammekastarar. Desse kan du kjøpa mellom kvart brett, om du då har pengar nok. Spelet er relativt vanskelig, og på dei seinare bretta er det viktig med gode våpen. Du kan (og bør) òg kjøpa ammunisjon og verneutstyr.
Spelet er ganske voldelig, med mykje blod. Når du har tatt livet av ein person, ligg han i ein blodpøl på bakken. Du kan so gå bort og sparka kroppsdelane rundt på brettet, mens blodet blir spreidd utover! Dette er definitivt ikkje eit barnespel!
Grafikken i spelet er veldig god. Det er for eksempel mange flotte lyseffektar. Stemninga i spelet er gjennomgåande dyster, og det er blod og lik mange plassar. Musikken understrekar denne stemninga, og er for øvrig skikkelig bra.
Dette er eit godt spel. Det er veldig actionprega, og om du likar sånne spel bør du prøva det. Men som sagt inneheld det ein del blod og vold, og er altso ikkje noko for sarte sjeler.
Tapan Kaikki vart først omtalt 1999-10-21.