Gratis kvalitetsdataspel

Sint Nicolaas

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

I Nederland har dei ein litt spesiell tradisjon. Den 5. desember kjem julenissen Sint Nicolaas, frå Spania, og leverer gåver og peparkaker til alle ungane. Han fer frå tak til tak og slepp alt dette ned gjennom skorsteinane. I dette spelet spelar du Sint Nicolaas …

Eit tjuveri

Nokon har stole sekken med alle gåvene og peparkakene. Men det er eit hol i sekken, og alt innhaldet dett (heldigvis) ned på hustaka. Du må skynda deg å finna og plukka opp alle gåvene og kakene, og levera dei i rett skorstein. Kvar pakke hører til ein skorstein i same farge, og du må òg hugsa å sleppa ned nok peparkaker der (kor mange som trengst står skrive på skorsteinane). Alt dette må du gjera før sola står opp!

Problem

Å få alt levert i tide er ikkje heilt lett. Det er fuglar som angrip deg, skarpe antennar, og hustaka kan til tider vera veldig glatte. Du kan rett nok hoppa på fuglane for å ta livet av dei, men dette er sjølvsagt veldig stygt gjort, og gjev deg minuspoeng. Det er derfor betre å hoppa lyktestolpar, som gjev deg ein ekstra skubb oppover.

Mange brett

Det er fem brett i spelet, pluss bonusbrett viss du klarer å fullføra desse med minst to minutt igjen før soloppgang. Bretta kjem i stigande vanskegrad, men då du kan lagra spelet, er dei overkommelige.

Grafikk og lyd

Grafikken er godt teikna, og fungerer veldig bra. Spelet er nokre år gammalt, so lydkortstøtta er dårlig. Hos meg måtte eg velja å kjøra spelet med berre den innebygde høgtalaren, og ikkje lydkortet (les dokumentasjonen for meir informasjon om dette). Men pipelydar er betre enn ingen lydar, og dei var eigentlige heilt OK.

Konklusjon

Alt i alt er dette eit veldig kjekt plattformspel, som passar perfekt som underhaldning i juletida.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 JPEG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.5
Forfattar
Mike Wiering / Wiering Software
Heimesida
Sint Nicolaas
Kort beskriving
Du spelar julenissen som hoppar frå tak til tak for å sleppa julegåver og peparkaker ned i skorsteinane.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Sint Nicolaas vart først omtalt 2001-12-24.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.