Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.
Noko fryktelig har skjedd i Drømmeland. Mareritta har overtatt styringa, og no prøver dei å stela alle drømmane. Dei har òg tatt kjærasten til Peach, hovudpersonen i dette spelet …
Spelet er eit plattformspel (med vassrett rulling). Du må komma deg gjennom Drømmeland, og på vegen plukka opp fire nøklar, slik at du kan komma deg inn i slottet til mareritta. Dette er sjølvsagt ikkje so lett, men heldigvis finst det ein del nyttige gjenstandar i Drømmeland. Eg nemner nokre:
Det finst fleire brett i spelet, som er delt inn i ulike «landskap» (f.eks. enga, skogen og skyene). Kvart landskap inneheld to brett, og du må løysa det første brettet for å få tilgang til det andre. Når du har løyst begge bretta i eit landskap, blir eit nytt landskap tilgjengelig. Spelet startar med to tilgjengelige landskap, og du må gå litt fram og tilbake mellom dei ulike bretta for å få tak i alt du treng (du kan gå frå eit delvis løyst brett og halda fram med eit anna). Spelet inneheld altså eit element av tenking òg.
Spelet har nydelig grafikk. Han er handteikna, og ser veldig barnebokaktig ut (meint på ein positiv måte!). I tillegg har han parallaktisk rulling, slik at ulike deler rører seg med ulik fart. (Dette er akkurat det same skjer når du for eksempel ser ut av vindauget i ein bil i fart. Ting langt vekke, som fjell, ser ut til nesten å stå stille, mens nærare ting rører seg fortare. Nære tre ser ut til å fyka forbi vindauget i ein rasande fart. Når slikt blir brukt i dataspel, gjev det eit inntrykk av tredimensjonalitet.)
Det finst ingen musikk i spelet, men nokre få lydeffektar, som for øvrig er OK.
Er dette eit barnespel? Vel, eg trur det er meint slik, men det er nok litt for vanskelig for dei aller yngste. Det er for eksempel eit par vanskelige hopp du må ta. Men elles trur eg det passar for dei fleste som likar plattformspel.
Dette spelet har verkelig flott grafikk. Det er som sagt ikkje alltid like lett, men er iallfall alltid gøy!
Peach’s Dream vart først omtalt 2001-01-27.