Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.
Institutt for drama ved universitet er i ferd meg å leggast ned, og det blir di oppgåva å hindra dette. Men du er ikkje åleine. Du får hjelp frå – æh, Shakespeare.
Bakgrunnshistoria er som du forstår ganske sprø, og det er ein gjennomgåande humoristisk tone i spelet. Det er ikkje alt som er like morosamt, men for det meste er det rett so underhaldande.
Ozzie and the Quantum Playwright er eit tradisjonelt «peik og klikk»-eventyrspel, ikkje heilt ulikt dei nyare LucasArts-spela. Du styrer alt med musa, og alle handlingane du kan gjera er samla i ein liten høgreklikkmeny. Dette brukargrensesnittet har blitt brukt i fleire spel før, og fungerer like godt her.
Der spelet imponerer mest, er i grafikkavdelinga. Bakgrunnane og personane er utrulig flott teikna, i teikneseriestil. Dette er av det beste eg har sett i gratisspel. Dei einaste eg har å utsetta er at omrisset til personane ikkje alltid går like godt saman med bakgrunnen, men slikt er vanskelig å unngå.
Musikken består utelukkande av gitarmusikk – av god kvalitet. Denne imponerte i starten, men etter ei stund vart eg berre lei han. Det er fleire melodiar, men litt variasjon i uttrykket hadde eg sett pris på.
Oppgåvene du skal løysa, er for det meste logiske, men ikkje spesielt raffinerte. Dei er helst av «dør og nøkkel»-typen (for å opna døra må du skaffa ein nøkkel, men fyren som har nøkkelen vil ha ein gjenstand for å gje han til deg, og so vidare).
Elles er spelet plaga av nokre mindre tekniske feil (eksempelvis bipersonar som er heilt feil plassert i rommet, og ser ut som dei fyk). Dette har ingen påverknad på om du klarer å løysa spelet, men er likevel noko skjemmande.
Eg har muligens vore noko negativ ovanfor, men det er i sofall misvisande: Dette er eit kvalitetsspel. Det finst få gratis eventyrspel, og dette er (iallfall grafisk) på høgd med dei fleste kommersielle spela. Og det er gyslig kjekt. Hermed anbefalt på det varmaste!
Ozzie and the Quantum Playwright vart først omtalt 2003-04-26.