Gratis kvalitetsdataspel

Out Of Order

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Du vaknar midt på natta, og får ikkje sova grunna uværet. Men so oppdagar du at verda ikkje er heilt som ho skal vera (derav tittelen, Out Of Order). Soveromsdøra opnar seg for eksempel oppover. Høgst merkelig!

Eit eventyrspel

Dette er eit standard «peik og klikk»-eventyrspel. Du skal altso gå rundt, plukka opp ting, bruka tinga og snakka med folk for å finna ut korfor verda har blitt so rar. Du styrer alt med musa, med eit ikonbasert grensesnitt, som likt det brukt i fleire LucasArts-spel. Dette fungerer heilt utmerka.

Grafikk og lyd

Grafikken i Out Of Order er fantastisk. Han er høgoppløyselig, teikneserieaktig og flott fargelagt. I tillegg er alle animasjonane jamne og fine.

Musikken er det heller ikkje noko å utsetta på. Det er mange melodiar, som saman med lydeffektane verkelig underbygger stemninga i spelet. Flott!

Humor

Humor er eit av kjennemerka til eventyrspel, men når det gjeld gratisspel, har humoren ofte blitt anstrengt og amatørmessig, med dårlige ordspel og unaturlige dialogar. Det gjeld ikkje dette spelet! Her er humoren so god han kan bli, og heilt på høgd med dei populære LucasArts-spela.

Noko anna dette spelet har felles med spela frå LucasArts, er at du ikkje kan dø eller gjera spelet uløyselig ved å finna på noko dumt. Likevel er oppgåvene du skal løysa utfordrande nok, og eit par er faktisk veldig vanskelige …

Konklusjon

I tilfelle det ikkje allereie er heilt klart, får eg nemna det eksplisitt: Dette spelet er utrulig bra. Grafikken, lyden, handling og humoren, alt er like godt eller betre enn i kommersielle eventyrspel. Dette perfekte spelet er anbefalt på det aller, aller varmaste!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 JPEG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Forfattar
Hungry Software
Heimesida
Out Of Order
Kort beskriving
Perfekt eventyrspel med flott grafikk, lyd og humor.

Kategoriar spelet er med i

Out Of Order vart først omtalt 2003-06-07.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.