Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.
Du har kanskje spelt eit liknande spel i ein eller annan versjon, på ei eller annan maskin før. Det er eit fleirspelarspel der handlinga går ut på å sprenge bomber på kvarandre. Det er enkelt, men òg veldig gøy.
Når du slepp ei bombe, må du skynda deg vekk. Bomba går nemlig automatisk av etter eit par sekund. I starten verkar bombene berre eitt felt til kvar sida (horisontalt og vertikalt), men under nokre brikker skjuler det seg spesielle symbol som gjev deg betre/fleire bomber. Meir om dette seinare.
Grafikken er den absolutt beste eg har sett i eit slikt spel. Han er lys og fargerik, og ganske teikneserieaktig. Det følgjer med 8 brett – alle av god kvalitet. Lyden kan eg ikkje kommentera. Spelet støttar nemlig berre Gravis Ultrasound-lydkortet, ingen andre. Det vil sannsynligvis ikkje komma støtte for andre lydkort heller, noko som er synd. So viss du ikkje har eit GUS-kort, vil eg anbefala deg å ha noko anna musikk i bakgrunnen.
Du kan spela dette spelet med opptil åtte spelarar. Eg har berre prøvd det med tre stykker, og likevel var det veldig gøy. Det var faktisk ganske OK med berre to spelarar òg.
Spelet går som sagt ut på å sleppa bomber og få desse til å treffe motstandarar. Du må òg passa deg for ulike andre skapningar som vandrar rundt. Du har uavgrensa mange bomber, men startar med éi bombe som berre verkar eitt felt til kvar sida. Når ho er sprengt får du automatisk ei ny bombe. Men du kan få tak i ulike symbol som utvidar funksjonaliteten:
Alt i alt er dette eit av dei beste spela eg prøvd. Det er rett og slett kjempegøy. Det einaste negative er den dårlige lydkortstøtta. Forfattaren har forresten opna kjeldekoden til spelet, so det er ikkje usannsynlig at det kjem nye, forbetra versjonar.
mrboom vart først omtalt 1999-03-01, og versjonen no omtalt vart lagt til 1999-06-11.