Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.
Eit av mine største favorittspel er SpinDizzy. Dette spelet kom ut i 1986 på ei 8-bits maskin, Amstrad CPC. (Det kom ut på fleire ulike maskiner, men det var Amstrad eg hadde.) Sjølv kom eg ikkje over spelet før eg leitte rundt etter gamle Amstrad-spel for bruk i emulatorar i eit FTP-arkiv. Då eg fann spelet og begynte å spela det, var eg hekta. Det var rett og slett utrulig gøy. Etter fleire veker klarte eg endelig heile spelet (eg hadde rett nok fuskemodus med uendelig tid påslått).
Kva gjekk so SpinDizzy ut på, lurer du kanskje? Vel, du skulle styra ei kule gjennom veldig mange brett, og plukka opp diamantar som var spreidde utover. Spelet var «litt» 3D – ein såg brettet på skrått ovanfrå (det var forresten først etter eg var ferdig med nesten halve spelet, at eg oppdaga at ein kunne bytta vinklar (fire forskjellige)!).
Vel, tilbake til dette spelet. Grunnen til at eg nemnte SpinDizzy, er at dette spelet minna meg mykje om det. Òg her styrer du ei kule gjennom fleire brett, og må samla diamantar.
Ved stor fart kan du spretta over hindringar på bretta. Og om du går gjennom nokre portar, får du ulike eigenskapar (kan hoppa høgare, få større fart &c.). Dette er nødvendig for å kunna gjennomføra dei ulike bretta. Spelet har ingen tidsgrenser, men du skal prøva å fullføra dei ulike bretta på kortast mulig tid. Rekorden blir lagra, og eit «opptak» kan spelast av når du vil. Meir om dette seinare.
Dette spelet er sjølvsagt mykje nyare enn SpinDizzy, og har mykje betre og meir avansert grafikk – det er «ekte» 3D. Du bør faktisk ha eit 3D-grafikkort for å kunne spela dette spelet. Det går utan, men du må velja veldig lav skjermoppløysing for at det skal vera spelbart. Spelet går jamt på mi maskin, men dette er sjølvsagt avhengig av grafikkortet – mitt er ikkje serlig bra.
Musikken er òg kjempegod, og spelet har i tillegg ein del flotte lydeffektar.
Dette spelet er eit av mine favorittspel, saman med SpinDizzy. Prøv det!
Som nemnt, blir opptak av rekordane lagra, og kan spelast av seinare. Derfor tenkte eg me kunne ha ein liten konkurranse. Her tar eg med ei oversikt over dei beste rekordane for kvart brett. Nokre av bretta finn du på den tyske sida eg har lenkja til.
Du kan lasta ned rekordfilene for å stadfesta at det ikkje er noko fusk inni bildet. (Plasser dei «maps»-katalogen til spelet. Du kan so sjå opptaket ved å å velja «Top Scores» frå hovudmenyen.)
Viss du klarer å slå desse rekordane, kan du senda rekordfilene til meg, og eg vil legga dei ut her, saman med namnet ditt (eller berre initialane, om du føretrekker det).
Dato | Brettnamn | Tid | Initialar | Fullt namn |
---|---|---|---|---|
2003-07-12 | Killer | 47,47 | VAB | Kjell-Bjarne Torgersen |
2003-07-12 | Jump | 44,77 | VAB | Kjell-Bjarne Torgersen |
2003-07-12 | Castle | 70,16 | VAB | Kjell-Bjarne Torgersen |
2003-07-12 | Loops | 24,14 | VAB | Kjell-Bjarne Torgersen |
2003-07-12 | Trapped | 39,65 | VAB | Kjell-Bjarne Torgersen |
2003-07-12 | Chinawall | 28,04 | CHA | Chavez |
2003-07-12 | Minigolf | 40,79 | CHA | Chavez |
2003-07-12 | Racetrack | 39,28 | CHA | Chavez |
2003-07-12 | Rotation | 133,62 | CHA | Chavez |
2003-07-12 | Teatime | 19,36 | CHA | Chavez |
2003-07-12 | Ollin | 5,30 | ZHA | ? |
2003-07-12 | Huge | 104,02 | BOR | Borre Mosch |
2003-07-12 | Moving Objects | 95,88 | BOR | Borre Mosch |
2003-07-12 | Tiny | 18,03 | BOR | Borre Mosch |
2003-04-06 | Lazer Maze | 27,47 | CHA | Chavez |
2002-04-06 | Chase | 7,96 | CHA | Chavez |
2003-04-06 | Disco | 21,43 | CHA | Chavez |
2002-04-06 | Rollercoaster | 16,04 | CHA | Chavez |
2003-04-06 | City | 19,72 | CHA | Chavez |
2002-04-06 | Cannon | 25,60 | CHA | Chavez |
2003-04-06 | Castlecoaster | 25,13 | CHA | Chavez |
2003-03-11 | Nightmare | 92,18 | VAB | Kjell-Bjarne Torgersen |
2003-02-03 | Bounce | 44,58 | VAB | Kjell-Bjarne Torgersen |
I’ve got some balls vart først omtalt 1999-09-19.