Gratis kvalitetsdataspel

Dink Smallwood

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

I dette spelet spelar du ein grisebonde som so gjerne vil bli helt. Etter nokre tragiske hendingar, som eg ikkje vil komma nærare inn på her, må du klara seg sjølv i verden. Og du får no sjansen til visa kva du er god for.

Eit rollespel

Dette er eit typisk rollespel på mange måtar, men òg annleis enn andre rollespel. Du har ulike tal som viser kor god du er i angrep, forsvar og magi. Desse kan du forbetra ved å gå i kamp, eller ved å finna ulike ting som forbetrar evnene dine. I tillegg kan du få tak i pengar som du igjen kan bruka på nye våpen eller helsedrikkar.

Helteambisjonar

Spelet startar roleg, med ei historie der du, Dink Smallwood, matar grisar. So møter du ein trollmann, lærer litt magi, og drar til byen for å bli helt! Spelet har ein del humor, som gjer det kjekt. I tillegg inneheld det ein abnorm mengde ender, av ein eller annan grunn.

Kamp er det mykje av i spelet, men det blir likevel plass til ei historie. Ein litt negativ ting er at du ofte må slåss ganske lenge for å få nok erfaring og pengar til å komma vidare. Dette kan bli litt kjedelig, men er vanlig i slike spel.

Vold og blod

Spelet inneheld ein del vold og blod. Du får ein god del friheit her. Du kan faktisk gå til angrep på det meste, frå grisar, tre, ender og slektningar. Dette er sjølvsagt ikkje so veldig lurt å gjera, men det er mulig. Spelet passar nok derfor ikkje for dei aller yngste.

Grafikk og lyd

Grafikken er god og musikken er god, soframt du har eit godt lydkort (då han er i MIDI-format).

Stort spel

Dette er eit stort spel. Det er både fysisk stort (23 MiB tar lang tid å lasta ned), og tar lang tid å komma gjennom. Spelet vart faktisk seld på CD-ROM ei god stund (og selte visstnok godt). Når du endelig kjem gjennom, kan du òg lasta ned nye eventyr/brett andre har laga, frå heimesida til spelet. Desse vil sjølvsagt vera av varierande kvalitet, men det finst nokre skikkelig bra der. Uansett, spelet er stort, so det er nok lenge til du får bruk for dette.

Det følgjer faktisk to eventyr med dette spelet. Det andre er mykje kortare, og det dårligaste av dei to (men greitt nok). Handlingsmessig går det føre seg etter det første.

 

Spel­informasjon

Versjon
1.08
Forfattar
Seth A. Robinson
Heimesida
Dink Smallwood
Kort beskriving
Stort rollespel der spelar ein grisebonde som vil bli helt …

Kategoriar spelet er med i

Dink Smallwood vart først omtalt 1999-12-10, og versjonen no omtalt vart lagt til 2002-02-24.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.