Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.
Her er endå eit kvalitetsspel frå Dommelsch Bier (les òg omtalen av flipperspelet Roll ’m Up og biljardspelet Pool ’m Up). Denne gongen er det dart det handlar om.
Sjølve spelet handlar om dart, eller pilkasting om du vil. Du (og eventuelt ein venn – spelet har støtte for to spelarar) skal treffa dartskiva på alle poengfelt med verdi over 10 tre gongar. Det vil seia, det held sjølvsagt at du treff ein gong på eit trippelfelt eller to gongar på eit dobbeltfelt.
Du alt dette er gjort, kjem du til eit slags bonusbrett, der du må treffa alle felta på kort tid. Vinnaren er han med mest poeng ved slutten av spelet, og poengtavla kan du lasta opp til ei eiga sida på Internett.
Som vanlig har produsentane laga eit spel med veldig bra grafikk og musikk. Det er rett og slett imponerande at dei gjev vekk eit slik spel gratis.
Spelet har flott grafikk, musikk og lyd. Du blir kanskje lei av elektroniske dartspel etter kvart, men det held nok ei stund. Skikkelig kjekt.
Dart ’m Up vart først omtalt 2000-11-19.