Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.
For lenge, lenge sidan, i riktig gamle dagar, hadde eg eit dataspel med namn Volley. Dette hadde fire fargar (inkludert svart og kvit!). Det handla, so vidt eg forsto, om volleyball. To ballforma spelarar konkurrerte om å få ein ball over eit nett (som i praksis berre var ein loddrett strek). Det hørest nok grusomt ut, men var faktisk ganske gøy. No er ein «nyversjon» her – med nydelig grafikk …
Dei ballforma spelfigurane har i denne versjonen blitt nokre merkelige geléklumpar. Elles er spelet i prinsippet ganske likt originalen.
Spelet har støtte for to spelarar, men du kan òg spela mot maskina. Å spela to spelarar mot kvarandre er absolutt å føretrekka; det er mykje kjekkare, og i tillegg er datamotstandaren vanvittig vanskelig å slå … Det er òg mulig å konkurrera over Internett, men det fekk eg ikkje til å fungera. Ei innebygd poengtavle held oversikt over seirar og tap.
Grafikken er kjempefin, med eit nydelig bakgrunnsbilde. Ei stor forbetring frå det opphavlige Volley-spelet! Geléklumpane kan du forresten skifta farge på. Lydeffektane er ikkje mange, men dei passar godt til spelet.
Dette ikkje eit stort eller avansert spel, men det er eit kjekt spel, spesielt med to spelarar. Grafikken er fin og gjev ei koselig «sommarlig» stemning. Greitt å bruka til litt kjapp avveksling.
Blobby Volley vart først omtalt 2001-04-07, og versjonen no omtalt vart lagt til 2001-08-05.