Gratis kvalitetsdataspel

Simulatorspel

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Siste nye eller oppdaterte spel

2002-07-11 – Schiffbruch
Du er skipbroten på ei aude øy, der du må gjera alt du kan for å prøva å overleva. Kanskje kjem det òg eit skip forbi og reddar deg med tid og stunder.
2002-03-20 (oppdatert) – Biliardo
Biljardspel med åtte italienske biljardvariantar. Flott grafikk, lyd og musikk.
2000-11-19 – Dart ’m Up
Dartspel med flott grafikk, lyd og musikk.

Speloversikt

Biliardo
Biljardspel med åtte italienske biljardvariantar. Flott grafikk, lyd og musikk.
Caesar
Simulator- og strategispel der du skal byggja opp ein romersk provins.
Dart ’m Up
Dartspel med flott grafikk, lyd og musikk.
Pool ’m Up
Biljardspel med flott grafikk, lyd og musikk.
Roll ’m Up
Flipperspel med flott grafikk, lyd og musikk.
Schiffbruch
Du er skipbroten på ei aude øy, der du må gjera alt du kan for å prøva å overleva. Kanskje kjem det òg eit skip forbi og reddar deg med tid og stunder.

 

Om nettstaden

Her finn du omtalar av 6 gratis simulatorspel av veldig høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. Meir informasjon finn du på informasjonssida.

Om kategorien

Denne kategorien inneheld simulatorspel. Simulatorspel er spel som på ein eller annan måte prøver å modellera eller «simulera» verkeligheita.

Andre kategoriar


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.