Gratis kvalitetsdataspel

Eventyr- og rollespel

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Siste nye eller oppdaterte spel

2004-06-13 – The Apprentice
Etter lang tid som trollmannens læregut får du endelig læra din første trylleformel. Du må berra samla saman alle dei nødvendige ingrediensane først …
2004-04-17 – Cubert Badbone, P.I.
Detektimen i svart-kvitt. Eller noko sånt.
2003-09-13 – Beneath a Steel Sky
Spennande framtidsfabel med både humor og alvor. Ein klassikar.

Speloversikt

Beneath a Steel Sky
Spennande framtidsfabel med både humor og alvor. Ein klassikar.
Cubert Badbone, P.I.
Detektimen i svart-kvitt. Eller noko sånt.
Dink Smallwood
Stort rollespel der spelar ein grisebonde som vil bli helt …
Fenix Blade
Eit veldig bra rollespel i betaversjon.
God of Thunder
Kjempekjekt eventyr-/tenkespel basert på norrøn mytologi.
Out Of Order
Perfekt eventyrspel med flott grafikk, lyd og humor.
Ozzie and the Quantum Playwright
Sprøtt, men veldig godt eventyrspel, der du må skaffa hjelp frå Shakespeare for å redda dramainstituttet ved universitetet.
Teen Agent
Flott eventyrspel der du spelar ein ung, hemmelig agent.
The Apprentice
Etter lang tid som trollmannens læregut får du endelig læra din første trylleformel. Du må berra samla saman alle dei nødvendige ingrediensane først …
The Breakdown
Kort, men kjempegodt eventyrspel. Du er stranda i ørkenen med havarert bil. Klarer du å få han fiksa før det blir kveld?
Wonderworld
Kjekt eventyrspel med nydelig grafikk.

 

Om nettstaden

Her finn du omtalar av 11 gratis eventyr- og rollespel av veldig høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. Meir informasjon finn du på informasjonssida.

Om kategorien

Denne kategorien inneheld eventyr- og rollespel. Her går du rundt og plukkar opp gjenstandar, for seinare å bruka dei (på ting eller folk). I eventyrspel vil du vanligvis ikkje måtta utføra handlingar raskt, mens i rollespel er dette meir vanlig, for eksempel når det gjeld slåssing.

Andre kategoriar


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.