Gratis kvalitetsdataspel

Brettspel

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Siste nye eller oppdaterte spel

2001-10-14 (oppdatert) – Drops of Light
Flytt foton med ulike fargar slik at dei dannar eit spesielt mønster.
2001-09-20 – Black-Box
Finn ut kor krystallane er plasserte i ein svart boks ved skyta laserstråler på dei.
2001-01-15 – Elimination III
Kinasjakk med ein liten vri.

Speloversikt

Black-Box
Finn ut kor krystallane er plasserte i ein svart boks ved skyta laserstråler på dei.
Drops of Light
Flytt foton med ulike fargar slik at dei dannar eit spesielt mønster.
Elimination III
Kinasjakk med ein liten vri.
Othello
Dataversjon av det kjente, gamle brettspelet Othello (òg kalla Reversi).

 

Om nettstaden

Her finn du omtalar av 4 gratis brettspel av veldig høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. Meir informasjon finn du på informasjonssida.

Om kategorien

Denne kategorien inneheld brettspel. Brettspel er spel som går føre seg på eit elektronisk spelbrett. Dei kan vera dataversjonar av tradisjonelle brettspel, men kan òg eksistera utelukkande som dataspel.

Andre kategoriar


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.